UTSJÅNAD:Middels stort, rundt eller kjegleforma. Gulgrøn til gul grunnfarge med raude striper og punkt på solsida.
SMAK:Svært godt eteeple med syrleg smak og ein spesiell aroma.
KONSISTENS:Skalet er glatt med glans og er feitt når eplet er modent. Kjøtet er gulkvitt, middels fast og ganske fint og saftig.
Sorten har fått navn etter James Grieve som sådde fram sorten frå frø. Den vart introdusert i 1890 på ein planteskule i Edinburgh, der Grieve var ansatt. Etter at sorten fekk pris av Royal Horticultural Society i 1897, vart den raskt spreidd i England. Sorten kom til Noreg, Sverige og Danmark på byrjinga av 1900-tallet og har seinare vore mykje planta.