PASSAR TIL:Lette matretter, reker, salat eller aleine
OM EPLESORTEN:Aroma kom til Noreg for prøvedyrking allereie i 1966 under namnet BM 31021. Den vart raskt populær og har sidan vore ein av hovudsortane i Noreg.
Eplesorten oppstod etter ei kryssing mellom sortane Ingrid Marie og Filippa ved Sveriges Lantbruksuniversitet i Alnarp i 1947. Kjerner vart sådde på foredlingsstasjonen Balsgård i 1948 og registrert og marknadsført som Aroma av Balsgård i 1973.
Aroma er hovedsorten vår og ein bestselgar grunna sin gode balanse mellom sødme og syre.