PASSAR TIL:Mørk sjokolade, dessertar, krem, yoghurt, frukt
SMAK:Friske nyplukka bringebær med sukker på
Frisk og aromatisk most med tydeleg karakter av friske, søte og syrlege bringebær. Avbalansert med eple. Passar godt til bær, enkelte dessertar og mørk sjokolade.
OM EPLESORTEN:I Spilde Raud nyttar me Glen Ample-bringebæra våre fra Haugane saman med ein eplesort som held på den flotte fargen og balanserer syra i bæra.
Glen Ample bringebær er opphaveleg ein skotsk sort frå 1994 med ein kompleks stamtavle som mellom anna inkluderer Glen Prosen og Meeker. Storfrukta, høgrunde til kjegleforma bær. God smak og faste bær med lys raud til raud bærfarge.
Hovudsort i Noreg i dag.